Samfunnsorganisasjonen Plastfritt Hav:

Fjerna 1,6 tonn på Grasøya

Med god hjelp frå blant andre Valder IL, Nord Helikopter, Ålesundregionens Havnevesen og Tafjord Kraftvarme fjerna organisasjonen Plastfritt Hav 1,6 tonn med marint avfall frå Grasøya laurdag 6. april.

Effektive: På nokre timar vart 1,6 tonn med maritimt avfall plukka opp på Grasøya. Frå 15. april er øya freda. Foto: Plastfritt Hav. 

Nyhende

Bente Fiskerstrand i samfunnsorganisasjonen Plastfritt Hav fortel til Vikebladet Vestposten at dei eigentleg skulle rydde på Grasøya i fjor haust, men vart forhindra på grunn av dårleg ver.

– Og no var det på hekta at vi klarte det denne gongen. For fredingsperioden på Grasøya tek til 15. april, og frå då av er det forbode å gå på land på øya. Frå denne datoen skal fuglane ha fred til hekkinga, forklarer ho.

Ryddeaksjonen laurdag var i samarbeid med Ålesundregionens Havnevesen som stilte med ribbåtar, Nord Helikopter som frakta avfallet gratis til Grautneset i Ålesund, og medlemer i Valder IL som stod for sjølve oppryddinga.

Opptakta var «plastkvalen»

Plastfritt Hav er ein frivillig organisasjon, som blant anna samarbeider med Runde Miljøsenter. Organisasjonen vart starta for to år sidan, då ein kval rann på land ved Sotra, og det viste seg at han var full av plast.

– Miljødirektoratet lyste ut midlar til opprydding av plast i havet, vi søkte og fekk nokre kroner, fortel Bente Fiskerstrand. I starten var namnet på organisasjonen Plastfritt Giske, med dei har no endra namn til Plastfritt Hav, og har heile Sunnmøre som operasjonsfelt. Fiskerstrand har med seg Janne Farstad og Ina Giske i styret. Plastfritt Hav samarbeider i hovudsak med skular i Giske kommune, og ryddeaksjonen på Grasøya er den største dei har hatt utanom Giske kommune.

Rydda 32 tonn i fjor

I fjord rydda dei rundt 32 tonn marint avfall ut av fjøra.

Tafjord Kraftvarme på Grautneset i Ålesund tek mot all marin plast som blir plukka opp på Sunnmøre, og lagar straum og fjernvarme av han. Salssjef Richard M. Nilsen opplyser at interessa for å få vere med på aksjonen på Grasøya var svært stor, og at det var elevar frå Valderøya som vart plukka ut til å vere med. Tre av elevane får også ein tur til Grautneset, for å sjå korleis avfallet blir gjort om til straum og fjernvarme. Filmselskapet Fuglefjellet var også med til Grasøya og Grautneset, for å dokumentere prosessen.