Uavgjort i seriedebuten

Fleire lokale spelarar var med på første serierunde i 3.-divisjon.

Seriestart: Sivert Pieroth spelte heile kampen for Lokomotiv Oslo i 1–1 kampen mot Ullern. Sander Djupvik kom inn mot slutten. 

Nyhende

Herd fekk ein tung start på sesongen i 3.-divisjon avdeling 1 då dei tapte 0–1 for Kråkerøy laurdag. Herd hadde fire tidlegare Hødd-spelarar i startellevaren, men verken Jonas Ingebrigtsen, Martin Mork Breivik, Petter Haddal Worren eller Øyvind Hagen kunne vippe kampen i heimelaget sin favør.

Kråkerøy tok leiinga etter 67 minutt, men for Herd sin del var det meir enn resultatet som skulle svi. I løpet av kampens ti siste minutt pådrog Herd seg nemleg to raude kort, begge etter to gule.

Neste kamp for Herd er borte mot Spjelkavik.

I Oslo kunne Frigg og Christian Mork juble for tre poeng i serieopninga i avdeling 2. Frigg tok føringa allereie etter to minutt, men Ørn Horten slo tilbake med to kjappe mål like før pause. Deretter var det Frigg sin tur å snu kampen med to scoringar frå det 51. til 54. speleminuttet. Det heldt til siger.

I same avdeling fekk Sivert Pieroth sin seriedebut for Lokomotiv Oslo i oppgjeret mot Ullern som enda 1–1. Sander Djupvik kom også innpå for ”Loket” i løpet av andreomgangen.

På Vestlandet vart det tap i første seriekamp for Audun Øvrelid og Fyllingsdalen. Laget som spelar i avdeling 4 tapte borte mot Djerv 1919 etter å ha gått til pause i føringa. Fyllingsdalen hadde mellom anna med Eirik Huseklepp i startellevaren, men det var ikkje nok til å sikre poeng denne gongen.

Måndag var Håvard Mork Breivik i aksjon for AaFK 2 då dei tapte 1-2 for Stabæk 2 i laga sin første kamp i 3.-divisjon avdeling 1. Mork Breivik spelte heile kampen for andrelaget til Aalesund.