Personleg rekord på maraton i Paris

Therese Falk held fram med å forbetre sin personlege rekord på maraton.

Forbetring av «Persen»: Therese Falk brukte 3:01:43 på maratondistansen under Paris Maraton.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

I helga deltok ultraløparen under Paris Maraton og der enda Falk opp med 36. beste tid totalt av dei om lag 16.000 kvinnene som deltok. Totalt hadde Falk 1681. raskaste tid av dei 60.000 registrerte deltakarane.

Tida til Falk var 3:01:43, om lag 20 sekund raskare enn det ho sprang maraton på i Tokyo i byrjinga av mars.

Løpet i Paris kom også berre ei veke etter at Falk sprang 100 kilometer på 8:42:27 under Bergen Ultra.