Ber folk tenkje seg om

Det er tydeleg spor etter ein eingongsgrill i treverket på kaia ved Sjøsida.  

Nyhende

Det flotte vêret vi har hatt i påska får folk til å strøyme utandørs for å nyte vårsola. Dette fører likevel med seg nokre uheldige situasjonar.

Ein tipsar har kontakta Vikebladet Vestposten for å fortelje om ein situasjon som oppstod ved Sjøsida i Ulsteinvik onsdag.

Tipsaren fortel at det var ei gruppe som sat og kosa seg med mat og musikk nede ved kaia på nedsida av Sjøside-bygga.

”Problemet var at dei tok i bruk eingongsgrill på trekaia. Dette resulterte i svartbrent treverk det grillen stod. Dette kunne fort blitt brann”, fortel tipsaren.

Vedkomande oppmodar folk om å tenkje seg litt betre om.