Ville Nakken seie noko meir om korleis situasjonen er på verftet?

Rdaktør Linda Eikrem vart ikkje roa av innlegget til Olav Nakken på Leverandørkonferansen 2019.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Tidleg i april kom nyheita om at Hurtigruten sitt nye ekspedisjonsskip, MS Roald Amundsen, blir endå meir forseinka frå Kleven Verft. «Tilgangen på spesialleveransar har vore krevjande. Interiørabeidet har vist seg å vere meir krevjande enn vi rekna med», forklarte verftsdirektør Olav Nakken.

Etter det har det vore stille frå verftet. Urovekkande stille. «Det er ikkje noko nytt å fortelje», har vi gjentekne gongar fått beskjed om når vi har bede om intervju.

Difor var det knytt stor spenning til innlegget Nakken skulle halde på Hødd sin leverandørkonferanse torsdag. Etter ekspedisjonsskipa for Hurtigruten er det blankt i ordreboka til Kleven. Kva skjer når skipa er ferdige? Ville Nakken seie noko meir om korleis situasjonen er på verftet? Kom han til å fortelje at dei jobbar med nye kontraktar? Skulle han seie noko om at framtida til verftet er trygg?


Kleven-direktøren under Leverandørkonferansen 2019:

- Det er ein vanskeleg situasjon no

 

Innlegget frå Olav Nakken gav ikkje så mange svar og var nok heller ikkje eigna til å roe dei som måtte lure på korleis det kjem til å gå med verftet i tida framover. Er det fordi han ikkje skjønar at Ulstein-samfunnet har eit stort behov for informasjon om ein av dei største arbeidsplassane, eller er det fordi det er lite å fortelje? Det er nok det siste, diverre.

Han sa sjølvsagt det opplagte: at det no er ein vanskeleg situasjon for verftet og alle som elles er involverte. Han sa også at «Alle tilsette naturlegvis ønskjer tryggleik, og den tryggleiken vi kan bidra med no er å levere så gode produkt som mogleg. Det er jo produkta som gir grunnlaget for vidare oppdrag.» Men det var elles lite optisme å spore i innlegget verftsdirektøren, som stilte med ein powerpointpresentasjon på engelsk- noko som understreka det faktum at verftet ikkje lenger er på lokale hender.