Trude Antonie Øvrebøe (37) og Werner Røyseth (38) i huset i Selvåg. I mange år har dei brukt mykje tid og pengar på å setje i stand hus og uteområde. – Dei fleste andre driv med restituering når dei har fri, vi har drive med restaurering, ler Werner. Foto: Linda Eikrem

Å gje slepp på ein draum

– Livet vårt blir nok ikkje betre, berre annleis, seier Werner Røyseth (38) og Trude Antonie Øvrebøe (37). Dei har bestemt seg for å selje småbruket i Selvåg i Eiksund.