Opna utlånssentralen BUA i Ulsteinvik:

– Mange får moglegheita

Onsdag opna dørene til BUA Ulsteinvik, der den som vil kan kome for å låne utstyr til sport, friluftsliv og anna aktivitet.

Klare for utlån: Inger Anne Dimmen, Vedrana Terzic, Aurora Dimmen Bratli og Katrine Mæhlum Pilskog har leita fram både kajakk og kano i samband med opninga av utlånssentralen BUA. I dei gamle lokala til helsestasjonen i Bjørndalvegen er det no mogleg å få lånt med seg utstyr til både sport og friluftsliv. Heilt gratis. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

To kveldar i veka, samt ein dag på dagtid vil det vere mogleg å kome innom for lån av til dømes syklar, telt og anna turutstyr, ballar, redningsvestar eller kanskje ein kano.