Utforkøyring på Hareid

Nyhende

Ein bil har køyrt av vegen ved JETS på Fv 61 på Hareid, melder politiet på Twitter kl. 16.13. Bilføraren skal ha kome seg ut av bilen og det vert ikkje meldt om personskade eller trafikale vanskar på staden. Naudetatane rykte ut, men var ferdige på staden rundt kl. 17.30.