På kyrkjeveg

PÅ SAFARI Så langt i sommar har artikkelskribenten berre vitja tre av landets 28 stavkyrkjer, mellom anna kyrkja på Grip. Målet er å besøke alle i løpet av sommaren. 

Nyhende

Då er vi i gang!

Eg snakkar sjølvsagt om sommarens store happening, nemleg stavkyrkjesafarien som eg har hatt på planleggingsstadiet heilt sidan i fjor sommar.

Men no skjer det altså. Målet er å besøke alle dei 28 attverande stavkyrkjene i Noreg i løpet av sommaren 2019.

Planen var først å besøke alle nedlagde psykiatriske institusjonar i Noreg i løpet av sommarferien. Øvst på lista trona i så fall Luster Sanatorium, bygd som tuberkuloseheim i 1902 og nytta som psykiatrisk sjukehus etter krigen og fram til rundt 1990. Det 5000 kvadratmeter store bygget ligg 500 meter oppe i fjellsida langs Lusterfjorden og ein veg med tretten hårnålssvingar fører opp til den no forlatne bygningen.

Då eg la fram ideen for min betre halvdel under bubilferien i fjor fekk framlegget ikkje nokon umiddelbar positiv gjenklang, tvert imot gav halvdelen uttrykk for at ein slik tur ikkje verka særleg koseleg i det heile tatt.

Så då vart det stavkyrkjesafari i staden.

Det kan vere greitt å stundom setje seg eit mål, i staden for å drive av stad på måfå. Stavkyrkjesafarien vil i så måte føre oss til nye stader og opplevingar. Eg ser verkeleg fram til å kjenne på atmosfæren som ligg i dei eldgamle veggene, oppleve kulturskattane og kanskje også få friska opp historiekunnskapane noko. I tillegg elskar eg lukta av tjøre.

Men det er eg tydelegvis ikkje åleine om. Det syner seg at vi er ein del av ein større trend. Stavkyrkjebesøk har blitt poppis, for i fjor vart stavkyrkjene her i landet vitja av 500.000 personar, noko som visst nok skal vere ein auke på nesten 20 prosent i løpet av to år.

I pinsehelga gjekk turen til Trondheim for å hente flyttelass. Mellom dei mange tinga som er verdt å få med seg i Trondheim er friluftsmuseet på Sverresborg. Museet er bygd rundt ei klippe der kong Sverre i si tid hadde festninga si, og forutan restane av denne borga finst det ei rekkje hus frå ulike delar av Trøndelag på området.

Mellom anna ei stavkyrkje.

Haltdalen stavkyrkje er frå rundt 1170 og stod opphavleg i det som i dag er Holtålen kommune i nordre del av Gauldal. I 1704 vart den vesle kyrkja bygd inn i ei ny kyrkje og gjorde nytte som kor og sakristi. Då denne kyrkja vart riven i 1882 vart delane som utgjorde den opphavlege stavkyrkja flytta til Vitenskapselskapets museum i Trondheim. I 1937 vart den sett opp på Sverresborg og der har den stått sidan, med unntak av under krigen. Då vart kyrkja plukka ned og lagra i nokre gruver så den ikkje skulle verte øydelagd.

Dagen etter gjekk turen til Kristiansund og ut til øysamfunnet Grip. For på Grip står det også ei stavkyrkje.

På øyas høgaste punkt, åtte meter over havet, ligg den vesle kyrkja, innklemt mellom dei fargerike bustadhusa på fiskeværet. Det har budd folk på Grip sidan 1100-talet. Grip stavkyrkje er frå siste halvdel av 1400-talet. Grip var eiga kommune fram til 1964. Då vart dei slått saman med Kristiansund og det tok ikkje lange stunda før alle hadde flytta frå øya. Men kyrkja er framleis i bruk, to gonger i året. Tilbake i Kristiansund sette vi kursen via Averøya og Atlanterhavsvegen til ein avstikkar mot Kvernes. Der ligg det, som du sikkert allereie har gjetta, ei stavkyrkje.

Kvernes stavkyrkje er i dag eigd av Fortidsminneforeningen og ligg vegg i vegg med den nye kyrkja frå 1893. Ein trur stavkyrkja vart bygd på slutten av 1300-talet. Det som særpregar denne kyrkja er dei kraftige skordene som støttar opp kyrkjeveggane.

Diverre vart det ikkje tid til å vitje den tredje stavkyrkja i Møre og Romsdal denne gongen, men Rødven stavkyrkje dannar eit fint utgangspunkt for ein dagstur seinare i sommar. Og i Sør-Noreg står det 24 andre stavkyrkjer og ventar.