Pilotprosjektet vil koste vel 2 millionar kroner

Rådmannen rår Ulstein formannskap til å arbeide vidare for å få på plass sjølvkøyrande buss i Ulsteinvik.

Autonom: I forprosjektet står det at kommunen må rekne med at det vil koste 1,1 mill. kr å leige buss i tre månader. I tillegg kjem det ein del andre kostnader til pilotprosjektet. Pressefoto. 

Nyhende

Ulstein kommune har fått gjennomført eit forprosjekt for sjølvkøyrande buss i Ulsteinvik. Forprosjektet har konkludert med at bussen bør køyre mellom Høddvoll og Ulstein Arena, via Holsekerdalen.