Lukkar to avvik i Ulstein

Fylkesmannen avsluttar tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i Ulstein kommune.

Avsluttar tilsyn: Fylkesmannen avsluttar tilsyn med Ulstein kommune.  Foto: Marius Myklebust

Nyhende

Avvika gjekk på at kommunen ikkje sikra forsvarleg gjennomføring av personleg assistanse til alle personar med utviklingshemming. Og kommunen sikra ikkje forsvarleg gjennomføring av legemiddelhandtering og personalet hadde ikkje tilstrekkeleg kompetanse i å gjennomføre førstehjelp.