Frå i dag er Annika ordførar

Annika Brandal får prøve seg som ordførar i Hareid i ti dagar.  

Nyhende

Ordførar Anders Riise (Høgre) har tatt ferie, og det har også varaordføraren. Så frå i dag er Annika Brandal (Venstre) fungerande ordførar i Hareid. Det skal ho vere fram til 22. juli.

Det var på eit formannskapsmøte tidlegare i sommar ho takka ja til å vere setteordførar for Hareid kommune.