Tunnelen skal utbetrast:

Kommunen ber om innspel til trafikkavviklinga

Skal utbetrast: Frå slutten av august skal Engeskardtunnelen utbetrast. Det medfører kolonnekøyring og no ber kommunen om tilbakemeldingar frå dei som blir berørte under arbeidet med tunnelen.   Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

Frå 26. august og i om lag 12 veker skal Engeskardtunnelen utbetrast. Ifølgje Hareid kommune sine nettsider vil ein legge opp til kolonnekøyring gjennom tunnelen på tre ulike tidspunkt i løpet av dagen.

No ber kommunen dei som blir berørte av dette om å kome med innspel til trafikkavviklinga under utbetringsarbeidet med tunnelen. Kommunen ber dei som blir berørte om å melde inn sine behov til Hareid kommune innan 12. august.


Tunnelutbetring til ti millionar

Hareid kommunestyre gjekk inn for å løyve 4 nye millionar til sikring av Engeskardtunnelen. Prisen på arbeidet er dermed oppe i ti millionar kroner.



Sikring av Engeskardtunnelen

Arbeidet med tunnelen vil koste 10 millionar