På rett veg?

Samspelet: Når vi skadar og øydelegg det rundt oss, skadar og øydelegg vi til slutt oss sjølve. Foto: Fabien Monteil/123RF.com 

Nyhende

Eg har alltid vore ein optimist! Sett positivt på framtida. Og eg har, og har alltid hatt, trua på menneske. Eg kjenner så mange som berre vil godt. Menneske som tek vare på jorda, miljøet, dyra og sine medmenneske. Mykje meir enn kva eg har gjort. Og eg trudde på no avdøde Hans Rosling når han sa at verda stadig blir ein betre plass. Barnedødelegheita er meir enn halvert berre sida 1990, det er mykje mindre barnearbeid enn for 20 år sida og fleire born får skulegang over heile verda. Det er færre som døyr av sjukdom, og fleire kjem seg ut av fattigdom, Og det er færre krigar. Det går rett og slett betre med verda.