Satsar med nål og tråd

  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

– Eg er så fornøgd! Eg gler meg veldig, så her skal eg verkeleg kose meg, seier Mona Kleven (56) då Vikebladet Vestposten stig inn i lokala til «Mona- Bunad og kurs» i Kyrkjegata i Ulsteinvik. Det er ein varm augustdag og bunad er nok ikkje det mest opplagde klesplagget å tenkje på. Men Mona tenkjer bunad nesten døgnet rundt, no er ho i gang med å montere ei skjorte.