Sel glutenfrie sveler under Trebaatfestivalen:

– Eg ville gjere noko for andre som meg

Skal selje sveler Ane Baade Hasund stiller seg opp med svelerøre og takke utanfor Tijera i Ulsteinvik sentrum under Trebaatfestivalen.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Nyhende

Ane Baade Hasund (11) ønskjer å sørgje for at dei som har cøliaki eller er glutensensitive også skal kunne finne noko godt å ete under Trebaatfestivalen.

Mor til Ane, Aina Baade Hasund, driv Tijera AS i Ulsteinvik, og det er utanfor lokala til frisørsalongen Ane har tenkt å stille seg opp under Trebaatfestivalen. Med mykje svelerøre og varm takke klar.

– Det blir på laurdagen eg blir der, då det er mest folk i gatene, og når det skjer mest under festivalen. Eg håper dette kan vere eit tilbod som gjer det enno litt kjekkare for dei som har cøliaki eller er glutensensitive å fare på festival, seier Ane smilande.

Blei inspirert under USA-ferie

Ane, som har cøliaki sjølv, var på sommarferie i USA saman med familien sin, og det var der ho blei inspirert til å ta saka i eigne hender.

– Eg kunne ikkje ete det same som brørne mine, og slik er det mange stader. Difor ville eg gjere noko for andre som meg, seier Ane til slutt.