For fjorten år sidan flytta Robert Burger til Larsnes. Han vaks opp i Suwalki i Polen og fekk mykje hjelp på barneheimen som er driven av organisasjonen Barneheimen Suwalkis Venner. Sverre og Åse Oksavik har vore aktive i organisasjonen i alle år. Møtet mellom dei tre i 1993 vart starten på eit livslangt venskap. No er dei naboar i ein tomannsbustad på Larsnes. Foto: Linda Eikrem

– Eg ser på Åse og Sverre som foreldra mine

I ein sofa i ein tomannsbustad på Larsnes sit Åse og Sverre Oksavik. Mellom dei sit Robert Burger, som er fødd og oppvaksen i den polske byen Suwalki.