Klimagrisen

kommentar

Greta På veggen: Murmåleriet «Save the planet now» av den danske streetart-kunstnaren Miki Pau Otkjær vart laga i mars 2019 og er å sjå i Hillerød i Danmark. 

Nyhende

Det står ikkje so frykteleg bra til med denne jordklumpen vi soknar til. Ho held på å brenne opp, samtidig som ho held på drukne. Isen ved polane smeltar. Skogbrannar breier seg både i Sibir og Amazonas. Orkanar og syklonar vert hyppigare og sterkare. Vi får fleire snøras. Vi får fleire jordskred. Vi får fleire hetebølgjer. Tørke og vassmangel rammar populære turistmål og jordbruksområde. Avlingar som slår feil fører til matmangel og klimaflyktningar. Heile nasjonar forsvinn i havet. Kanskje den aller verste konsekvensen av endringane vi er vitne til er framveksten av MDG-politikarar: Det som er so bortanfor gale med klimakrisa er det faktum at folk faktisk trur på ho, at elles vaksne og oppegåande menneske sluker løgnene frå venstrevridde tenketankar, svenske tenåringar utan Y-kromosom, og andre lugubre avsendarar som FNs klimapanel. Dette har eg frå skråsikre kjelder.