Køyrde seg fast i grøfta ved Overåsanden

Ein semitrailer stod bom fast ved Overåsanden fredag.   Foto: Tipsar.

Nyhende

Vikebladet Vestposten fekk fredag ettermiddag tips om ein semitrailer som stod fast i grøfta ved parkeringsplassen til Overåsanden i Hareid.

Fleire lokale hadde ifølgje vitner på staden komt til for å hjelpe den uheldige sjåføren med å få semitraileren opp igjen frå grøfta. Sjåføren skal ha køyrt feil, og prøvd å nytte parkeringsplassen til å snu køyretøyet.