Meiner Søre Sunnmøre mottak ikkje burde avviklast midt i eit barnehage- og skuleår:

– Dette er aller mest vondt for borna

Likar ikkje at mottaket skal avviklast: Nazer Haify, som har budd i Ulsteinvik sidan 1999, og som opphavleg kjem frå Irak – ser mørkt på situasjonen til mange av borna som i dag bur på Søre Sunnmøre mottak. Born han meiner går ei usikker tid i møte.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Nazar Haify kom sjølv med familien sin til Ulsteinvik i 1999, og reagerer sterkt på at Søre Sunnmøre mottak må leggje ned drifta til 1. desember. Han meiner mottaket burde fått forlengja drifta, og heller blitt avvikla før sommarferien neste år.