Leikong Blandakor er snart klare med ny, stor framsyning

Denne gongen har dei valt Disney

Disney: Laurdag 26. oktober er det klart for Leikong Blandakor si framsyning, «Disney på vår måte». Alle i koret har kostymer som er inspirert av Disney sine filmar. 

Nyhende

Dei har gitt oss smakebitar frå dei store musikalane og heimlege tonar frå Hartvig Kiran. Denne gongen har Leikong Blandakor henta repertoaret frå Disney-universet si rikhaldige musikalske skattekiste.

– Her vert det ingen dødpunkt, lovar Leikong Blandakor sin dirigent gjennom mange år, Kjetil Eiksund.

Laurdag 26. oktober går teppet opp på Fosnavåg Konserthus for nok ei stor satsing frå blandakoret, «Disney – på vår måte», med musikk frå Disney sine mange filmar og musikalar.

Melodisk og iøyrefallande

– Musikk frå «Ringeren frå Notre Dame», «101 Dalmatinere» og «Skjønnheten og udyret» er mellom det publikum får oppleve denne kvelden, seier Eiksund som karakteriserer Disney-musikken som veldig melodisk og iøyrefallande og der musikken er med på å understreke og drive handlinga framover.

– Det vert veldig variert. Framsyninga har ein stram regi med kontinuerleg handling som vert sydd saman av bilete og filminnslag. Vi har leigd inn musikarar og dansarar og mange av koristane stiller opp som solistar, fortel Eiksund som kan opplyse om at dette er stoff som koret har arbeid med «langs med» i fleire år før dei endeleg bestemte seg for å satse på konsert att. Det er likevel mykje arbeid som går med på å lære tekstene utanåt og rørslene i koreografien. – Koret har fått hjelp av Dagfinn Olav Bye til regi og scenografi, fortel Kjetil Eiksund. Bye vart også hyra inn til suksessframsyninga «Broadway på vår måte». Det var eit av dei første store arrangementa i Fosnavåg konserthus då det opna for fem år sidan.

Kostymeshow

Det er også lagt ned eit stort arbeid i kostyme.

Anette Tandberg, som har hovudansvaret for kostyma saman med May Britt Sætre Leikanger, fortel at dei verkeleg har latt kreativiteten fått fritt spelerom når det gjeld å skape kostyma til framsyninga.

– Ei av mine gamle, avlagde skinnjakker frå 90-talet vart gjort om til drakt for Herkules og på Nille fann vi dekorplantar som kunne nyttast som skjørt til karakteren Maui frå filmen «Vaiana».

Alle songarane i koret, som elles kjem frå båd eHerøy, Sande og Ulstein, har på seg kostyme som er inpirert av ein av Disney sine filmar.

Etter premieren, som også vert den einaste sjansen til å få med seg denne framsyninga, går koret over i førjulsmodus. Då startar øvingane mot den årlege adventskonserten i Leikanger kyrkje.

Men først er det altså Disney- musikk som står på plakaten.