Skrotar forslaget til NVE

Regjeringa droppar nasjonal rammeplan for vindkraft

Statsminister Erna Solberg (H) seier regjeringa vil legge vekke forslaget til nasjonal ramme for vindkraft på land.  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Etter massiv motstand frå kommunane vil regjeringa skrote NVEs forslag om ei nasjonal ramme for vindkraft på land.

– Det skulle vere eit konfliktdempande tiltak, det har det ikkje vore med dei svara vi ser. Derfor har vi tenkt å legge vekk denne nasjonale ramma og seie at vi ikkje skal ha noka nasjonal ramme for vindkraft framover, seier statsminister Erna Solberg til NRK.


NVE med vindkraftanalyse av Norge:

Hareidlandet er godt eigna for vindkraftutbygging

Ingen ting er avgjort, men i NVE sin analyse av vindkraftutbygging i Norge kjem det fram at store deler av fjellheimen nord for Hareidsdalen, både på Ulstein- og Hareid-sida, er godt eigna for vindkraft.

 

Det har komme over 5.000 høyringssvar om forslaget til nasjonal ramme for vindkraftutbygging på land som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) la fram i april.


 

Der peika NVE ut 13 område som direktoratet meiner er dei mest eigna for vindkraft på land i Noreg. 98 kommunar har areal innanfor dei 13 områda.