Gjekk og sykla 260 kilometer på fire veker:

– Ønskjer oss sykkelstativ

Femteklassingane ved Hjørungavåg skule blei årets fylkesvinnarar i gå-til-skulen-aksjonen Beintøft.

Fylkesvinnarar: Framme frå venstre ser ein Pulina, André (lærar) og Maja. I midten frå venstre ser ein Zuzanna, Ellen, Max, Karl Louis og Klara. Bak frå venstre ser ein Simen, Noomi, Jakub, Jeniven og Thea. Lineah var ikkje til stades då bildet blei tatt. Begge foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Elevrådsrepresentantar: Jeniven og Zuzanna er elevrådsrepresentantane i 5. klasse ved Hjørungavåg skule. Dei var også veldig stolte av det klassen deira hadde klart i årets Beintøft. 

Nyhende

55.000 skuleelevar kring om i heile landet har vore med på årets Beintøft – Norges største gå-til-skulen-aksjon. Til saman har deltakarane lagt bak seg heile 1,2 millionar bilfrie kilometer.

Det blei kåra både ein nasjonal vinnar – og fylkesvinnarar. Og – i Møre og Romsdal var det femteklassingane ved Hjørungavåg skule som gjekk heilt til topps – med imponerande 2.400 poeng!

Kontaktlærar for 5. klasse ved Hjørungavåg skule, André Egset Nupen, seier han er veldig stolt av elevane sine – som har vore så flinke å ta beina fatt.

– Alle i klassa har vore veldig engasjerte, og ønskte å gå for full pott i konkurransen. Etter kvart såg eg at elevane gjekk mykje – alle som ein – og til slutt hadde vi samla saman mange, mange kilometer, seier André Egset Nupen.

Som fortel at foreldra til femteklassingane også har vore flinke til å passe på at borna faktisk gjekk eller sykla til skulen – framfor å bli køyrt.

– Elevane har vist stor vilje til å ville klare dette – og det har vist seg når ein ser på resultatet, seier læraren smilande.

Gjekk nesten halvvegs til Oslo

Vikebladet Vestposten tok turen til Hjørungavåg skule for å møte dei flinke elevane – og dei fortalde at dei har gjort det dei kunne for å få eit best mogleg resultat.

Til saman har faktisk femteklassingane gått 260 kilometer i løpet av firevekersperioden konkurransen varte. Nesten halvvegs til Oslo!

Ein av elevane, som bur på Alme – og som vanlegvis blir køyrt til skule med taxi – valde faktisk å gå av eit stykke frå skulen og heller gå resten av distansen med eigne bein.

– Alle elevane har gjort ein super innsats, seier André Egset Nupen.

5.000 kroner i premie

På spørsmål om kva femteklassingane ønskjer å nytte dei 5.000 kronene som dei har fått som fylkesvinnarar på – var ikkje eitt einaste eitt av svara utan tanke på resten av medelevane på skulen.

– Helst skulle vi hatt nokre akebrett som alle kunne delt på, sa ein av elevane før ein annan skaut inn:

– Men det hadde vore aller best med eit skikkeleg sykkelstativ. Då hadde det freista enno meir å sykle til skulen.