Kan vinne pris for trusopplæring

Ulstein tensing er nominert til Trusopplæringsprisen 2019.  Foto: Ulstein Ten Sing

Nyhende

Ulstein Ten Sing er nominert til Trusopplæringsprisen 2019. Dette er ein pris som vert utdelt av IKO - Kirkelig Pedagogisk Senter kvart år.

Prisen går til kyrkjelydar, organisasjonar eller andre grupper som på ein særleg måte har fremja trusopplæring og kyrkjeleg undervisning. Det er særleg aktivitetar som gir born og unge betre kjennskap til den kristne trua, aktivitetar om er prega av fornying og som kan vere inspirerande for andre kyrkjelydar og organisasjonar som IKO ønskjer å framheve.

I 2014 var det Hareid kyrkjelyd som fekk prisen, for det systematiske trusopplæringsarbeidet deira som femmnar om alle alderstrinn frå 0 - 18 år.


Kyrkjepris til Hareid

Hareid sokn er tildelt «Trusopplæringsprisen 2014».

 

Trusopplæringsprisen vert utdelt på den årlege Trusopplæringskonferansen som i år vert arrangert den 6. november på The Qube, Gardermoen. Prisvinnarane vil få 50.000 kroner og eit kunstverk laga av kunstnaren Olga Grismo Nilsen.

I tillegg til Ulstein Tensing er Babyteateret Oi, Se! frå Asker og Snapchat-kontoen Bibelguide Tweens and Teens i Torshov og Lilleborg menighet nominert til årets pris.

I presentasjonen av Ulstein Ten Sing i samband med nominasjonen heiter det at dette er eit kor for 13-19 åringer, der unge gjennom sang, drama, teknikk, og film får utfalde seg kreativt i møte med kristne verdiar.