Sjokoladekakeparadis på Ulsteinvik barneskule

Nyhende

Innsendt:

Eit aktivt elevråd og rause foreldre som stilte kjøkkenet sitt til disposisjon for ivrige elevar, bidrog til 45-46 sjokolakaker for sal til elevane på barneskulen.

Og dei gjekk unna. Der er mange ulike nasjonar representert ved skulen, og ekstra kjekt at pengane gjekk til organisasjonen Care, som særleg skal legge vekt på kvinnene og jentene sine mulegheiter til skule og utdanning i nokre av verda sine fattigaste land. 

Innsamlingskoordinatoren for Ulstein, Bennie Hansen,  stilte med bøsser, og saman med elevane kunne ho telle opp omlag 9 500,- kr etter salet var over.

Det var sjølvsagt eit flott resultat, men endå viktigare å kjenne på kjensla av å få vere med på på noko viktig og meiningsfylt, å gi litt hjelp til dei som tilfeldigvis vart fødde under heilt andre og mykje vansklegare forhold enn vi på Ulsteinvik barneskule.

Ulsteinvik barneskule