Frå 1,3 til 3,1 mill.

Nyhende

Ulstein kommune måtte renovere eit kommunalt bustadhus i Kyrkjegata for huset var invadert av skadedyr. Kommunestyret vedtok ei investeringsramme på 1,3 millionar, men i ettertid har det vist seg at skadane på huset var langt større enn dei først trudde.

Rotne sviller og golvbjelkar, uisolerte yttervegger, fukt i taket med meir.

Prisen på renoveringa vil bli 3,1 mill. Arbeidet er lagt ned til kommunestyret godkjenner den nye investeringsramma.