Har ikkje spelt på Kaffebaren på 13 år

– Vi trur dette kjem til å fyke av seg! Tom Henrik Nevstad er entusiastisk på vegner av det lokale bandet «Evergood» som skal spele på Kaffebaren i Ulsteinvik komande helg.

Tilbake: Den lokale gruppa «Evergood» er tilbake og spelar på Kaffebaren i Ulsteinvik komande laurdag. 

Nyhende

Medlemmene i «Evergood» kjem frå Hareid og Ulstein. Sist dei spelte på Kaffebaren var i 2006.

– Det er lenge sidan sist, men endeleg ordna det seg! Vi gler oss veldig, seier Tom Henrik «Tomma» Nevstad som er «Evergood» sin gitarist og talsmann.

«Evergood» vart starta i Ulsteinvik i 2001.

– Vi satsa på å spele rockebasert musikk for eit lokalt publikum og stilte opp på ulike arrangement i fleire år heilt til vi gav oss i 2006.

No har det gått 18 år sidan oppstarten.

– I mellomtida har vi vore engasjerte i andre musikkprosjekt i området, men det er i «Evergood» vi kjenner oss mest heime sånn bandmessig, seier Nevstad.

I tillegg til Nevstad består bandet av Asle Eiken på vokal og gitar, Lars-Gustav Sande på bass og Stian Sand på slagverk.

– Vi har sjølvsagt også blitt 18 år eldre, og det merkar ein nok både på lydbiletet og det faktum at bandet no spelar litt meir etablert musikk, utdjupar Tom Henrik Nevstad.

– Vi starta opp att med faste øvingar for eit par år sidan og det var utruleg kjekt å spele saman att. Vi trur også at vi har blitt flinkare til å spele med åra.

Dei har allereie spelt nokre konsertar tidlegare i år, mellom anna hadde dei ein slags gjenforeningskonsert på puben i Hareid i februar.

– Her var gløden på topp og vi tykte sjølv at det gjekk veldig bra. Vi fekk i alle fall gode tilbakemeldingar frå publikum som hoia og song med. Det var tjåka fullt framom scena, så dette vart ein kveld vi seint vil gløyme

Den 2. november er det Ulsteinvik og Kaffebaren som står for tur.

– Vi kan love musikk frå 70-talet og heilt fram til i dag, musikk av blant anna Deep Purple, Gary Moore, Joe Bonamassa, Whitesnake, ZZ-Top, Tom Petty, Billy Idol og Adele. Ja, vi skal nok få det til å svinge bra, lovar Tom Henrik Nevstad.

– Vi håper at det skal dukke opp mykje kjentfolk, då vert stemninga ekstra god, trur han.