Jubileumsboka til Ulstein kyrkje er ferdig

– Forteljinga om kyrkja er forteljinga om oss

Gjennom ei fyldig tekst og ei mengde foto vert Ulstein kyrkje presentert i boka «Kyrkja i Ulstein – Eit ankerfeste i tida».

Bok om kyrkja: - Boka om Ulstein kyrkje er også boka om lokalsamfunnet vårt, seier sokneprest Margit Lovise Holte (nr. 2 f.v.) som saman med Magne Grimstad jr.(t.h.) er ansvarleg redaktør for denne utgjevinga. Det er Asle Geir Widnes Johansen (t.v.) som har skrive boka, medan fotograf Cecilie Hatløy (nr. 3 f.v.) har tatt dei fleste bilda i den rikt illustrerte boka. 

– Eg vart rørt då eg første gongen fekk sjå gjennom bileta som skulle nyttast i boka

Forfattar Asle Geir Widnes Johansen
Nyhende

– For meg har det vore eit poeng å vise breidda i den kristne utviklinga i Ulstein og setje dette inn i ein nasjonal og internasjonal samanheng, seier Asle Geir Widnes Johansen som har skrive boka.