Tente mest i Hareid kommune

Karl-Johan Bakken er administrerande direktør i Remøy Shipping. Han er på inntektstoppen i Hareid kommune.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

Tysdag morgon vart skattelistene for 2018 tilgjengelege. Dei viser at det er Karl Johan Bakken som tente mest i Hareid kommune i løpet av 2018. Bakken har tidlegare vore toppsjef i Farstad Shipping, men frå 2018 har Bakken vore administrerande direktør i Remøy Shipping.