Samlar inn mat og julegåver til dei som treng det:

– Behovet for hjelp er større enn på lenge

samarbeider: Frå venstre: Inger Anne Dimmen, frivilligsentralen, Margit Lovise Holte, sokneprest og Erik M. Lystad, hotelldirektør, fortel om samarbeidet for å hjelpe dei som treng litt ekstra til jul. Også Nyekyrkjekarane og Røde Kors er med på samarbeidet. Foto: Linda Eikrem 

Nyhende

Fleire instansar i Ulstein samarbeider for å gje litt ekstra til dei som treng det til jul.

– Vi veit at det er krevjande tider for veldig mange. No sameiner vi gode krefter for å vise at Ulstein er eit medmenneskeleg samfunn, og at det er mogleg å få hjelp, seier sokneprest i Ulstein, Margit Lovise Holte.

Margit Lovise Holte, sokneprest i Ulstein  Foto: Linda Eikrem

Saman med leiar for Frivilligsentralen, Inger Anne Dimmen, og hotelldirektør Erik M. Lystad, har ho invitert lokalavisa til ein prat. Dei vil fortelje om samarbeidet, som også Sørøyane Røde Kors Omsorg og Nyekyrkjekarane er med på.

Frivilligsentralen har i alle år delt ut matkasser kvar månad, og i mange år har sentralen og hotellet hatt eit samarbeid om å samle inn julegåver. I fjor hadde Ulstein sokn eit eige matkasseprosjekt, starta av dugnadsgjengen Nyekyrkjekarane. I år inngår dei ulike aktørane eit meir formelt samarbeid. Og målet er å gje ei hjelpande hand til dei har problem med å få råd til julemat og julegåver.

– Behovet er der, og eg trur det er større enn på lenge. Mange trur kanskje at det berre er dei som allereie er inne i offentlege støtteordningar som har behov for slik hjelp, men det stemmer ikkje. Det er kven som helst, det er naboen vår, seier Inger Anne Dimmen i Frivilligsentralen.

Har teieplikt

Før jul i fjor delte Frivilligsentralen ut 45 matkasser. Sentralen har ein avtale med daglegvarebutikkane om å få mat. Nyekyrkjekarane skal komande fredag, som i fjor, setje ut handlevogner i matbutikkane. Der kan folk flest legge oppi mat dei har kjøpt. Til jul i fjor vart det laga 44 matkasser og levert til folk som melde seg.

– Vognene blir ståande til laurdag 14. desember. Måndag 16. desember skal vi og Frivilligsentralen møtest og få ei oversikt over dei som har meldt inn eit behov. Så skal vi lage kasser som er tilpassa dei ulike mottakarane, fortel Holte.

Korleis kan folk melde frå at dei vil ha ei slik kasse?

– Dei kan ringe anten 98230613 til Inger Anne Dimmen eller 94172728 til Ranveig Kaldhol, diakonen i soknet. Begge har teieplikt, seier Holte.

Inger Anne Dimmen, leiar for Frivilligsentralen i Ulstein  Foto: Linda Eikrem

Vil ha julegåver

Oppi kassene skal det også leggast innepakka julegåver. Eit viktig bidrag der, er samarbeidet mellom hotellet og Frivilligsentralen.

– Det er eit samarbeid vi set stor pris på, og det brukar å vere god oppslutnad, fortel hotelldirektør Erik M. Lystad.

Erik M. Lystad, direktør på hotellet i Ulsteinvik  Foto: Linda Eikrem

Sist fredag var barnehageborn frå Gnist Holstad og Almejordet på hotellet for å lage og henge opp pynt på juletreet i resepsjonen der. Pyntinga markerte at den som vil kan kome og legge julegåver under treet.

Pynting: Hotelldirektør Erik M. Lystad hjelpte barnehageborna med å henge opp pynt på juletreet i hotellresepsjonen. Foto: Linda Eikrem  Foto: Linda Eikrem

– Det brukar å kome inn rundt 170–200 julegåver kvart år, seier Lystad.

– Gåvene er ofte mynta på små born, så viss eg skal få kome med eit ønske, må det vere at vi også treng gåver til større born, ungdomar og vaksne, seier Inger Anne Dimmen.

konsentrasjon: Dei eldste borna frå Almejordet barnehage og Gnist Holstad laga julepynt på hotellet. Foto: Linda Eikrem  Foto: Linda Eikrem

Også pengar

I tillegg til mat og julegåver, er det også høve til å gje pengegåver. Pengane blir brukte til å supplere matkassene og til å kjøpe julegåver. Vippsnummeret til Nyekyrkjekarane er 123619, til Frivlligsentralen 566971.

– Vi håper folk torer å seie frå at dei treng hjelp, at dei ikkje er for stolte eller synest det er flaut å melde seg, seier soknepresten.

– Og viss du ikkje vil ringe sjølv, kan du få ein nokon du kjenner til å ringe. Men vi kan ikkje berre dukke opp på døra til folk vi trur treng hjelp, seier Dimmen.

Ho og dei to andre er spente på om folk vil bidra med mat, pengar og gåver.

– I fjor kom det i alle fall tilbakemeldingar om at det blei gode samtalar i mange familiar om handlevognene som står ute i butikkane. Det er eit fint høve til å lære born at det går an å dele, seier Margit Lovise Holte.