Ekspedisjonsskipet Kleven Verft byggjer for Hurtigruten:

MS Fridtjof Nansen på prøvetur

MS Fridtjof Nansen var på prøvetur laurdag formiddag.  Foto: Innsendt/Audun Hopland.

Nyhende

I formiddagstimane laurdag blei ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen observert på prøvetur - på veg frå Kleven Verft og rundt Hareidlandet.

Det 140 meter lange skipet gjekk i retning Sulafjorden, og vidare mot Storfjorden - der det truleg blir verande ei stund for å teste ut diverse system om bord.