Nathan var midt i tyfonen

Nathan Osnes er evangelist og misjonær. No er han glad for å kunne hjelpe innbyggjarane på Filipinane. (arkivfoto)  Foto: Beate Muren

Nyhende

Misjonæren Nathan Osnes frå Ulstein var midt i tyfonen som herja på Filipinane. Dagbladet skriv at han er på ein skule i ein av provinsane og hjelper born.

Dagbladet skreiv i ettermiddag at det er venta at tyfonen Kammuri treff land med full styrke i natt og i morgon, tysdag.

Osnes samarbeider med ordførar og lokale styresmakter for å tilby mat, klær og sovestad til dei mange i provinsen som blir evakuert frå heimane sine. Til Dagbladet seier Osnes at han har sett born som har blitt separert frå foreldra sine. Dei gjer det dei kan for å hjelpe dei.

På Facebook skreiv Nathan Osnes tidlegare i dag at han er glad for å vere der å kunne hjelpe, men at det er trist å sjå all smerta. Etter han snakka med Dagbladet har situasjonen blitt langt verre. Han har fått rapportar om mange som har mista livet og hundretusenar har blitt evakuert. Han takkar alle som ber og støttar.

Ifølgje yr.no har tyfonen roa seg i Provinsen Occidental Mindoro. No er klokka to på natta. Det regnar, men vindstyrken er nede i svak vind, 3 m/s. Det er ikkje meldt om sterkare vind utover natta.