Frontkollisjon på Strandabøen - mann køyrd til legevakta

Det danna seg lang kø som følgje av ulukka. Her frå like etter Rema 1000, i køyreretning Eiksund.  Foto: Tipsar.

Nyhende

Klokka 14.10 måndag ettermiddag melde politiet i Møre og Romsdal via sin Twitter-konto om ei trafikkulukke på fylkesveg 61 på Strandabøen i Ulstein.

To bilar kolliderte front mot front. Det var tre personar totalt i bilane, ifølgje politiet, og alle hadde kome seg ut av køyretøya.

Det blei meldt om lettare personskade.

Naudetatane var raskt på staden - og det blei meldt om trafikale utfordringar på staden.

Oppdatering klokka 14.31: Ein mann har blitt køyrd til legevakta etter trafikkulukka for sjekk. Det er store materielle skadar på begge dei involverte køyretøya.