Mann sperra vegen på Hareid

Nyhende

Politiet melde måndag at ein mann hadde sett seg ned midt i vegbanen i Hareid sentrum og at han hindra trafikken i å passere.

Politiet skreiv på Twitter at dei var på veg til staden for å fjerne personen.

Ifølgje Sunnmørsposten har helsepersonell tatt seg av personen.