Går ut med farevarsel - ekstremvêret Didrik gir svært høg vasstand

Meteorologisk Institutt går tysdag ut med farevarsel, i høve ekstremvêret Didrik som er venta onsdag. I Møre og Romsdal er det meldt om oransje nivå, som betyr svært høg vasstand, og som blir kategorisert som alvorleg.  Foto: Illustrasjon/Meteorologisk Institutt.

Nyhende

Det er alt varsla svært høg vasstand langs kysten i Sør-Noreg onsdag - og i morgontimane tysdag gjekk Meteorologisk Institutt ut med farevarsel rundt dette.

Ekstremvêret har fått namnet Didrik, og det er venta ekstremt høg vasstand i Sunnhordland, Rogaland, Agder og Hardanger, medan det er venta svært høg vasstand for Møre og Romsdal, Vestland utanom Sunnhordland, Telemark, Vestfold, Østfold, Oslo, Akershus og Buskerud onsdag.

Svært høg og ekstremt høg vasstand er venta grunna høgt astronomisk tidevatn i kombinasjon med vêret sin verknad.

Vêrsituasjonen er ifølgje Meteorologisk Institutt prega av eit kraftig lågtrykk som ligg søraust for Island. Dette set opp eit sør- og sørvestleg vindfelt som gir eit signifikant bidrag til vasstanden.