Blåaugd historieformidling

kommentar

«Bloody Beach»: Er det dette som er sivilisasjonen si vogge?   Foto: Wikimedia Commons

Nyhende

Ein kald februarkveld for nokre år sida kasta eg vekk fleire timar i nysgjerrig dialog med ein eksentrisk hostellvert i hjartet av Sofia, Bulgaria. Februar er ikkje akkurat høgsesong for turisme i Bulgaria, kan eg melde, men der var eit par andre villfarne sjeler, blant anna nokre britiske jenter som tilbrakte heile dagane i senga, ein motorsykkelgjeng som spela poker i opphaldsrommet, og ei australsk kvinne som var komen for å feire sonen som skulle gifte med ei jente han hadde truffe nokre månader før. Ho hadde farga flettene sine lilla høve bryllaupet, rulla opp ein neve tjukke sigarettar og hadde elles stor glede av å syne bilete av alle slangane som frekventerte hus og hage heime i Darwin.