- Lær å bake din eigen medisin

Glutenfritt bakekurs: Kokk/faglærar Trond Urkegjerde ved Ørsta vidaregåande skule og bakeleiar Hjørdis Almelid Vikenes i Norsk cøliakiforening (NCF) gler seg til eit nytt glutenfritt bakekurs i Ørsta. (Foto: Privat) 

Nyhende

I fleire år no har Norsk cøliakiforening (NCF) og Ørsta vidaregåande skule hatt eit samarbeid om glutenfri baking. Torsdag 27. februar vert det eit nytt glutenfritt bakekurs i regi av NCF på Ørsta vidaregåande skule. Bakeleiar Hjørdis Almelid Vikenes og kokk/faglærar Trond Urkegjerde gler seg til ein ny runde med glutenfri sambaking.

- Kurset er ope for alle interesserte, både medlemer i cøliakiforeininga og andre. Dette vert det første kurset vi har med eit nytt bakehefte, så vi gler oss til å ta det i bruk og også til å få prøve nokre av kokken sine gode glutenfrie oppskrifter. Vi i cøliakiforeininga er takksame for det gode samarbeidet vi har med Ørsta vidaregåande skule på dette feltet, seier Hjørdis Almelid Vikenes.

Dei som er bakeleiarar i cøliakiforeininga har ikkje honorar, så denne kursverksemda i NCF er ein del av likepersonsordninga i organisasjonen. Dette at nokon som står i den same situasjonen som ein sjølv, deler av sine erfaringar, er det som er limet i cøliakiforeininga sitt frivillige arbeid. For dei med cøliaki er det maten som er medisinen, og då er det viktig å kunne lage glutenfri mat.

- Det å kunne bake glutenfritt er særs tidsaktuelt, viktig og gjev smaksrike kunnskapar. Det er ein kjekk kunst å bake utan gluten, som er eit bindemiddel i deiger og andre produkt. På kurset vil teknikk og praktisk bruk av ulike råvarer derfor inspirere til bakeglede som høver for alle, seier kokk Trond Urkegjerde.