Mykje kondens i Eiksundtunnelen

Bjørn Gray, som bur i Eiksund, har sendt oss denne videoen: timelapse av tunnelopninga i Eiksundtunnelen, mellom kl 11-12 torsdag 13. februrar.

Nyhende

I dag, torsdag, fekk Vikebladet Vestposten tilsendt ein video frå Bjørn Gray, som bur i Eiksund.

Den knapt tjue sekund lange videoen er ein såkalla timelapse. Videoen viser ein komprimert versjon av opptak Gray gjorde av tunnelopninga i Eiksundtunnelen mellom klokka 11.00 og 12.00 i dag.

Og som opptaket viser: det var ekstra mykje kondens i tunnelen i dag.

Det er til tider mykje kondens, eller vassdamp, i den nesten åtte kilometer lange tunnelen. Fleire gongar har bilistar trudd at kondensen har vore røyk.