- Utan nytt hjarte hadde eg ikkje stått her i dag

Det var ei sterk historie Vinjar Vikanes fortalde om seg sjølv i Hareidhallen måndag. For fire år sidan fekk han nytt hjarte. Det fekk verken broren Lars Petter, onkelen Nils eller faren Bård.

Takksam: - Livet har gitt meg nokre begrensingar, men alternativet er verre, kommenterer Vinjar Vikanes, som for fire år sidan fekk transplantert nytt hjarte. Foto: Jorulf Myrene 

Nyhende

Vinjar Vikanes var hyra inn av stiftinga Organdonasjon for å setje lys på kor viktig det er å bli organdonor. Og han hadde ei gripande forteljing å kome med. Sjølv måtte han nokre gonger ta pause og svelgje litt undervegs i historia – og det same måtte nok dei fleste som sat i salen.