Filmgalla på Ulstein vgs.

Askepott kapra 3 av 4 prisar

Adrian Pilskog Solheim sjarmerte stort i rolla som Askepott, og Christina Skarmyr Breitveit var fornøyeleg i rolla som den vonde stemora.

Kakefest: Klassen til Aurora Shera, Synne Håheim, Ezhar Nasem Razi, Johanne Rooney, Saviin Rasakumar, Christina Beitveit og Adrian Solheim fekk alle nyte godt av at dei vann prisen årets film. Lærar Cecilie Bjørnerem-Brandal i front, Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Det var reine Oscarstemninga på Ulstein vidaregåande skule denne veka. Filmgalla byrjar bli ein innarbeidd tradisjon på skulen. Dei har gjennomført dette dei siste åra. I norsktimane lærer andreklassingane om filmatiske element, så får dei praktisere det dei har lært gjennom å lage film. Elevane blir delte opp i grupper, og får i oppgåve å filmatisere ei novelle, eit dikt eller eit eventyr. I kvar klasse blir det kåra ein vinnar. Og det er desse filmane som konkurrerer om å bli årets film, vinne prisen for beste kvinnelege skodespelar, mannlege skodespelar og vinne prisen til fagjuryen.