Biskopen kjem til Hareid

  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

I veke ni kjem biskop Ingeborg Midttømme på bispevisitas til Hareid. Det er lagt opp til eit allsidig program for å få fram breidda i arbeidet som soknet gjer og den store variasjonen i aktivitetar og kontaktar som kyrkja har i lokalsamfunnet.

Tysdag 25. februar er det morgonbøn i kyrkja, der alle kan ta del.

Onsdag ettermiddag, 26. februar, er det møte med frivillige på kyrkjelydhuset. Same kveld er det oskeonsdagsgudsteneste i Hareid kyrkje, der Grimstadkoret og Jenne Helen Korsnes tar del.

Torsdag føremiddag, 27. februar, er det eldretreff og babysong på Hadartun. Same kveld inviterer Kyrkjeakademiet til temakveld med Alf Kjetil Walgermoog biskopen. Dette arrangementet er i Hareid kyrkje.

Fredag og laurdag er det ikkje arrangement med biskopen, men sundag 1. mars er det gudstenesta i Hareid kyrkje med sokneprest, biskop og eit nyoppretta prosjekt-kor. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi, der biskopen held eit visitasforedrag. Dette blir på kyrkjelydhuset.


Visjon Hareid-samlinga:

- Vi må sjå oss som ein del av noko større

- Vi må definere oss som ein del av noko større enn oss sjølve.


Sist biskopen var på bispevisitas på Hareid var i 2011, mykje har skjedd sidan då. Ifjor på omtrent same tid var ho på bispevisitas i Ulstein.


– Det er nesten uforståeleg at de ikkje har funne ei løysing

Biskop Ingeborg Midttømme var forundra over at arbeidet med ny kyrkje i Ulstein ikkje har kome lenger enn det har gjort.