Hadde tv-sending frå Ulsteinhallen

Wenche Andersen (til høgre) er klar for å ha sending frå Ulsteinhallen.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

TV2-kokken Wenche Andersen hadde sending frå Ulsteinhallen torsdag morgon.

Ho er nok mest kjent som God Morgen Norge-Wenche, og i Ulsteinhallen heidra ho dei frivillege i samband med KW International, som blir arrangert fredag.



I Ulsteinhallen laga ho og mora til Karsten Warholm, Kristine Haddal, sveler. Det skapte stort engasjement då Andersen gjennom Vikebladet Vestposten etterlyste gode sveleoppskrifter. (lenke til Vikebladet Vestposten si Facebookside)

  Foto: Ingvild Aursøy Måseide



I God Morgen Norge-sendinga gjekk innslaget frå Ulsteinhallen på lufta klokka 09.10. I bolken etter klokka 09.30 kjem eit innslag frå Høddvollbarnehagen og eit intervju med Karsten Warholm.