Nitten fekk fartsbot

Nyhende

Torsdag hadde politiet fartskontroll på Garnes.

Til saman nitten sjåførar fekk fartsbot i seksti-sona der. Høgaste fart var 84 kilometer i timen.

Ein mann er meld for køyring utan gyldig førarkort, i tillegg til å ha køyrt for fort.