Litt av kvart som skjer i helga

Det er ikkje sikkert Ann-Mari Harkjerr dukkar opp som heks denne gongen, men ho skal ha høgtlesing for born førstkomande laurdag.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Ingenting å gjere på i helga, trudde du? Tru om igjen, det er mykje som skjer.

Helga er like om hjørnet. Om du ikkje har lagt nokon planar, så ikkje vent med å leggje planar. For det er duka for ei helg med mange aktivitetar.

Allereie fredag ettermiddag brakar det laus i Ulsteinhallen. Dimna IL inviterer til KW International for tredje året på rad. Det blir eit friidrettsstemne og bursdagsfest for Ulsteins store son Karsten Warholm. Karsten Warholm skal løpe på stemnet, og i tillegg kjem fleire andre verdsmeistrar som Juan Miguel Echevarria og Sam Kendricks.

Laurdag og sundag er det ope KM i friidrett i Ulsteinhallen.

Om ikkje friidrett er noko for deg, vel då inviterer Hjørungavåg bedehus og ungdomsklubb We are Sheep til ope hus fredag 28. februar.

Det vil bli møte og andakt med Helge Åkernes. Etter møtet blir det servert kaffi og kaker. Ungdomklubben vil arrangere aktivitetar som spel og kiosk. Etter møtet blir det også arrangert Vinn på minuttet- konkurransar som alltid er populært. Alle er velkomen.

Om du heller har lyst å gå på kino, er det premiere på den norske spenningsfilmen «Torden» på Sjøborg kino og kulturhus.

Om du vil sjå ein actionkomedie så har "The Gentlemen" også premiere fredagkvelden.

Laurdag skal Hareidbarka fjøreplukkarlag ha ny ryddeaksjon. Det blir rydding av ytste molo på Hareid (nærast Brandal) for alle som vil. Etterpå blir det pizza for alle som er med og ryddar.

Laurdag blir det også arrangert ordførarprat og høgtlesing på Hareid folkebibliotek. Ordførar i Hareid, Bernt Brandal, vil vere tilgjengeleg vil gjerne høyre innspela dine til korleis Hareid kommune kan bli ein endå betre plass å bu. Ann.Mari Harkjerr vil lese høgt for førskuleborna.

Laurdag er det handballkamp mellom Hødd og Rapp, i Ulstein Arena.

På kino har Disney Pixarfilmen "Fremad" førpremiere på Sjøborg kulturhus og kino. Filmen har norsk tale.

Laurdagskvelden er det UKM for ungdomar frå Hareid og Ulstein på Sjøborg kulturhus. Det er 30 sceneinnslag og over 20 kunstnarar, så her blir det mykje flott å få med seg. Til saman 118 deltakarar er med.

Sundag er det visitas-gudsteneste i Hareid kyrkje der biskop Ingeborg Midttømme og prost Ingeborg Matre er med. Der vil også ordførar Bernt Brandal og eit nyoppretta prosjektkor ta del. Rett etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi på kyrkjelydshuset der biskopen skal lese føredraget sitt etter besøket på Hareid.

Sundag er det også handballkamp mellom Hareid og Sykkylven, i Hareidhallen.