Remi oppretta Facebook-gruppa "Corona hjelp Hareid": - Vi må stå saman

Remi Kvalsvik oppretta hjelpegruppa "Corona hjelp Hareid" på Facebook.  Foto: Kollasj/Privat/Skjermdump.

Nyhende

Gruppa "Corona hjelp Hareid" (ekstern lenkje) er bygd på same tankegangen som mange av dei nasjonale hjelpegruppene i høve koronaviruset - men meir retta mot det lokale. Remi Kvalsvik oppretta Facebook-gruppa torsdag, og det er i skrivande stund 677 medlemmer som har valt å bli med.

Til Vikebladet Vestposten fortel Kvalsvik at han ønskte å opprette gruppa for å hjelpe sine sambygdingar.

- Det er truleg mange, også i Hareid, som vil hamne i karantene eller bli sjuke som følgje av koronaviruset. Eg tenkte at ein ved å opprette ei slik gruppe, kan tilby dei som blir sjuke eller som ikkje kjem seg ut for å handle matvarer eller medisin, hjelp, seier Kvalsvik.

Hjelpegruppe for innbyggjarane

Han fortel at eit forslag er å vippse pengar til vedkomande som får tak i varer til ein, og så kan vedkomande setje posen like utanfor inngangsdøra. Han seier som han skriv i beskrivinga av gruppa på Facebook:

- Dette er meint som ei hjelpegruppe for innbyggjarane i Hareid - og vi må stå saman og vise kjærleik - framfor frykt. Innbyggjarane i Hareid er hjartevarme og omsorgsfulle menneske, som stiller opp for kvarandre, seier Kvalsvik og legg til:

- Nytt gjerne denne gruppa til å spreie litt positivitet og muntre opp kvarandre i denne tida. Vi skal ta situasjonen som speler seg ut no på alvor, og vi har eit ansvar overfor kvarandre, og spesielt dei som har svakare immunforsvar. Ved å hjelpe dei som må halde seg heime fordi dei er i karantene eller er sjuke, kan ein bidra til meir tryggleik for alle.

Han oppmodar avslutningsvis om at medlemmene i gruppa ikkje postar negative ting og unødvendige "fryktpostar".