Kommuneoverlege Norunn

– Eg kan ikkje gje meg no, seier Norunn Kirkebø Elde. Ho hadde sett for seg kommuneoverlegestillinga som ei nedtrapping til pensjonisttilværet. Slik vart det ikkje.

Kommuneoverlegen: Norunn Kirkebø Elde er takksam for at folk rettar seg etter dei pålegga som kjem. Ho oppmodar innbyggjarane om å halde seg oppdaterte på pandemien.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Norunn Kirkebø Elde visste tidleg at det var lege ho ville bli, i alle fall sidan gymnastida. – Då tenkte eg at eg ville reise ut å drive naudhjelp for Kirkens Nødhjelp, fortel Norunn. Ho ville ut i verda for å hjelpe, men ho kom seg aldri ut.