Koronasituasjonen råkar også drosjene

Drosjene i Hareid og Ulstein opplever ein kraftig nedgang i trafikken etter at regneringa sine tiltak mot koronasmitte vart sett i verk for vel ei veke sidan.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

– I Ulstein er det berre ei drosje som går i trafikk, dei fem andre bilane er parkert, fortel dagleg leiar i Ulstein drosjesentral, Yngve Magnussen. Han fortel at drosjetrafikken fekk ein brå stopp førre fredag.

– Då mista vi all skulekøyring som vi vanlegvis har ein del av, men også det meste av anna transport, seier Magnussen.

Han fortel at det den siste veka har vore dagar det ikkje har vore køyring i det heile.

– No køyrer vi mest sjuketransport. Nokre turar med pasientar som skal til doktoren vert det også, sjølv om det har blitt færre av desse også. Og så køyrer vi litt for folk som skal handle, fortel Yngve Magnussen.

Han kan likevel opplyse om at det ikkje skal verte problem å få tak i drosje dersom det trengst.

– Dersom det vert behov for det, kallar vi inn dei andre drosjene som vil kunne stå klar innan 20 minutt, seier Magnussen.

Utfordringar

– Hareid Taxi har mista bortimot all køyring siste veka, noko som har ført til ekstreme utfordringar for løyvehavarar og sjåførar, skriv drosjeselskapet i eit innlegg på Facebook. Her fortel dei at dei vil ha avgrensa kapasitet på køyring i Hareid kommune.

Fylkeskommunen har gitt drosjene i Møre og Romsdal fritak frå driveplikt frå den 19. mars og inntil vidare på grunn av koronaviruset.

På bakgrunn av dette ber Hareid Taxi om forståing for at køyring av privatkundar ikkje vert prioritert og at førespurnad om køyring kan verte avvist.

– I utgangspunktet vil vi prioritere sjuketransport som er bestilt av Pasientreiser og elles køyring til og frå arbeidsplassar og køyring for jobbreisande i distriktet vårt. Vi tek også på oss oppdrag for dei som treng assistanse til handel samt køyring av varer for dei som av ulike grunnar ikkje kjem seg på handel sjølve.

I innlegget understrekar drosjeselskapet at dei desinfiserer bilane så godt som råd og tek alle forholdsreglar dei kan ta for å unngå smitte.