Hareid stenger leikeplassar og ballbingar

Kriseleiinga i Hareid finn det naudsynt å stenge kommunale leikeplassar. (arkivfoto)  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Kriseleiinga i Hareid kommune har no bestemt at alle leikeplassar, ballbingar og andre utandørs idrettsanlegg som kommunen eig skal stengast.

Dette blir gjort for å unngå spreiing av koronavirus. Råda frå nasjonalt hald er å halde 1-2 meter avstand. Ein bør heller ikkje vere meir enn fem personar samla.

Kommunen har fått meldingar om at leikeplassane, ballbingane og liknande har blitt samlingspunkt under koronakrisa, så for å unngå at folk samlar seg, stenger dei ned anlegga.