Prodtex får millionstøtte til stålfabrikk på Fiskå

Slik ser Prodtex AS føre seg ein digital tvilling av ein brufabrikk, slik som dei tenkjer å etablere på Fiskåholmen.  Foto: Prodtex

Sigbjørn Nordstrand (t.v.) og Tore Roppen, høvesvis dagleg leiar og ansvarleg for marknadsutvikling i Prodtex AS.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Innovasjon Norge har løyvd støtte og tilskotspakke til Ulsteinvik-baserte Prodtex Industri AS for å etablere ein topp moderne stålfabrikk på Fiskå. Det går fram av ei pressemelding som blei sendt ut måndag ettermiddag.

Utviklinga av den nye produksjonsteknologien har ei kostnadsramme på rundt rekna 50 millionar kroner. Her har Innovasjon Norge bidrege med 27 millionar kroner, i form av 12,7 millionar kroner i lån og 14,4 millionar kroner i tilskot. Støtta frå Innovasjon Norge skal nyttast til investering i fabrikkanlegget på Fiskåholmen i Vanylven, og ein heilt ny produksjonsmetode for automatisert produksjon av stålkonstruksjonar.

- Dette betyr at Prodtex Industri AS kan vidareføre moderne produksjonsteknologi til større bruer og til annan produksjon av stålkonstruksjonar, står det i meldinga.

Dette er også svært godt nytt for Vanylven kommune, som får fleire sårt trengde arbeidsplassar som følgje av satsinga.

Skal bygge stålbru for vegvesenet

Mellom anna har verksemda fått i oppdrag av Statens Vegvesen å bygge Norges første stålbru med lasersveisa sandwichkonstruksjon. Dette er eit banebrytande prosjekt der målsettinga er å teste og verifisere metodikk for moderne framtidsretta design og produksjon.

Gang- og sykkelbrua på 65 meter som skal setjast opp i Åfjord kommune, er definert som eit forskings- og utviklingsprosjekt, og er starten på ein verifisering av prosessar og metodikk frå Prodtex sitt tidlegare utgreiingsarbeid for E39-prosjektet over Bjørnafjorden.

Det er Prodtex sjølve som har designa stålsandwich-konstruksjonen i pilotbrua, og dette vil vere den første brua av denne typen konstruksjon, bygd i Noreg.

Digital tvilling

Sentralt i bruprosjektet er også bruken av ein såkalla digital tvilling. Det vil seie at robotane i produksjonen vil bli programmert via ein digital tvilling av brua - som Prodtex sjølve har bygd opp. Gammal metodikk, der produksjonsdata blir tatt ut via 2D-teikningar blir erstatta, og alle produksjonsdata vil bli henta ut i sanntid.

Samstundes vil data frå produksjonen sendast tilbake og lagrast i tvillingen. Statens Vegvesen vil frå sine kontor kunne følgje framdrifta til produksjonen direkte. Prodtex meiner eller at dette prosjektet vil synleggjere positive miljøeffektar gjennom design, materialbruk, prosessmetodar, transport og installasjon.

Stor miljøgevinst

- Vi er svært takksame for den gode oppfølginga og konstruktive prosessen vi har hatt med Innovasjon Norge som mogleggjer realiseringa og utviklinga av den digitale stålfabrikken, seier dagleg leiar Tore Roppen.

Prodtex Industri har gjennom prosessen også blitt utfordra på å vidareutvikle og dokumentere dei store miljøgevinstane som ligg i metodeutviklinga.

- Vi forventar ei halvering av CO2-avtrykk samanlikna med Asia-produksjon, seier Roppen.







Her kan du sjå video av den digitale tvillingen til fabrikken:

Slik ser Prodtex AS føre seg å effektivisere bygginga av Ferjefri E39