- Eg høyrde gauken 11. mai

Nyhende

I føremiddag skreiv Vikebladet.no at Kristin Myrene høyrde gauken for første gong i Ringstaddalen i dag.

Det kan vere at fleire har høyrd gauken tidlegare i vår, men dette var det første tipset om gauk som når redaksjonen i Vikebladet Vestposten denne våren.

Tidlegare år har me fått tips noko tidlegare i mai, og til og med i slutten av april.


Magnulf har høyrt gauken

Beskjedne ko-ko på Løset.



No er han komen

Årets første "ko-ko" vart høyrt på Dimna.


Men no kom det telefon frå Kjetil Dimmen frå Indre Dimna.

- Eg høyrde gauken tidleg om morgonen måndag 11. mai, fortel han.

Han høyrde gauken ein gong 15. eller 16. mai også, men er ikkje heilt sikker på kva dag det var.